19. mai 2012
Artikkeldetaljer

Inger Øybekk forteller fra besøk i Rio Preto i april 2011

Kategorier: | Forfatter: Rune Rasmussen | Opprettet: 02.05.2011 | Visninger: 848
På besøk i menigheten der Tiago er leder og misjonær

Vedlagt følger noen betraktninger fra et besøk Inger Øyebekk nylighet hadde i Rio Preto. Hun forteller nytt fra menighetsarbeidet Tiago leder.

Rio Preto 4 . april , 2011

Hei
Eg har i alle fall lyst til å gje dykk eit lite inntrykk frå Brasil også denne gongen. Då vil eg ta dykk med til São José do Rio Preto. Eg har vore her fleire gonger før. Mange av dykk har og vore her i lag med meg. Det er ein by i det indre av São Paulo. Ein flott og moderne by. Her var det Arild og Evy Nyvoll starta arbeid for NMS for 6-7 år sidan. Dei drog attende til Norge i 2008. No er det Tiago og Gracielli som er her. Begge har gått på Hald. Gracielli var i Lillesand i praksis.
Det har vore eit utruleg positiv og oppmuntrande besøk her. Sist eg møtte dei her i byen var dei veldig på leit etter korleis dei skulle halde fram i arbeidet. Dei kjende seg nok åleine òg. Kyrkja i Rio Preto byggast opp etter cellemodellen. Det har vore ein trong start, men no ser det ut for at Tiago har funne ein god måte å gå vidare på. Han har fått god kontakt med  prestar som har meir erfaring enn han når det gjeld cellebasert kyrkjeplanting. 
I går var eg med på gudsteneste kor mellom anna fem nye medlem vart tatt i mot i menigheten. Dei fortel at vegen dit starta med ein invitasjon om å vere med på ein weekend i september. Der møtte Jesus dei, og det førte til at dei etterpå gjekk gjennom eit grunnleggjande kurs om den kristne tru i 3-4 månadar. Det er 12 leksjonar. Alle får ein ”skytsengel”, eller ein eldre kristen i menigheten som følgjer dei opp den første tida. Samstundes blir dei med i ei cellegruppe. Dei har også ein dag med undervisning om kva/kven den lutherske kyrkje er. 
Av dei fem som vart teke opp i går var det bare Anderson som ikkje var døypt. Han vart døypt  i ei elv ikkje langt herifrå  for ikkje så lenge sidan. I går fekk dei altså beviset på at dei høyrer til i den lutherske kyrkja i Rio Preto. Om ikkje så alt for lenge vil dei kunne ta opp 11 nye medlem. Dei deltok på ein slik week-end, ”Møtet med Gud” i februar. Då vart 18 stykke invitert med og 11 vart med vidare. Statistisk sett reknar dei med at ein tredel som vert invitert  blir med i menigheten.
Tiago fortel med stor entusiasme at dei vil ha 4 slike weekendar i dette året. No har til og med nabomenigheten i Santa Fé bedt Tiago og ein gruppe frå menigheten her om å vere med å organisere ein ”Møte med Gud” hos dei. Målet er at det skal gje ny giv i menigheten og i celle danningar.
Her i Rio Preto har det ført til ei ny celle og ikring 25-30 på gudstenestene. Eg fekk og vere med på ei cellegruppe og det er inspirerande å sjå omtanken dei har for kvarandre, fellesskapet og kor konkrete dei er i forbøn for kvarandre. Tiago seier at dei for kvar månad som går blir meir og meir trygge. Cellegruppe har dei kvar veke.
Tiago har ansvar for to av gruppene. Maristela, er førebels einaste ”lege” som har gruppeansvar. Men fem stykke tar no eit kurs på 4 månadar som heiter ”åndelig vekst”. Målet er å vekse, ta opp tema som vil gi trygghet i kven dei trur på. Og ikkje minst gi mot til å vere celleleiar. Alle som blir med i menigheten blir utfordra til å vere med på dette opplegget for ikkje å stagnera. Samstundes  voner ein at det er ein del av utdanninga for dei som skal bli leiarar i kyrkja. Enno manglar dei celler for ungdom og barn. Så målet er klart. Fleire leiarar og fleire cellegrupper.
Elles har jo familien her i byen auka. Lissa er snart 6 veker. Ei herleg lita jente, no veker 3,5 kg og er 53 cm. Ikkje akkurat norsk størrelse Om ikkje lenge voner dei å flytte i nytt hus.
Her har de fått noen nye bønneemner. Og ikkje minst takkeemner.
Alt godt og gode helsingar frå på Inger
 Ps. Eg fekk preike på gudstenesta i går. Og for ei som for tida går på prekenkurs og blir utfordra til å preike utan manuskript så er det flott å øve seg i Brasil.
Helsing
Inger Øybekk
Bookmark and Share

Tilbake
Opphavsrett (c) 2012 Bogafjell menighet Betingelser for brukUttalelse om privatliv